annonse

Finn Myrvang fyller 80 år

1497884137777.jpg
Tordis og Finn nyt sol og varme i sin nye heim i Vestby. (Foto: Oddmar Jensen)

Finn fyller 80! Det verkar merkeleg – så vital og aktiv han framleis er. Men ser vi på alt han har utretta, skulle ein tru han hadde levd minst dobbelt så lenge.

  • Bø Bygdelag

Finn Myrvang er både grundig og nyskapande som språkgranskar, han er ekspert på lokalt tradisjonsstoff og ein framståande publisist. I Bø var han heile tida aktivt med på dei fleste område av kulturlivet.

Finn Myrvang er fødd 20. juni 1937 i Bjørnskinn på Andøya. Han tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1964, men interesse for språk og kulturhistorie førte han snart over i læraryrket. Han gifta seg med Tordis Blix og slo seg ned i Føre i Bø. Dei har fire born.

Finn arbeidde ei tid som lege før han heiv seg på gransking av språk, folkeminne og lokalhistorie – ved sida av arbeidet som lærar i Bø. Som folkeminnesamlar har han redda ei mengde verdifullt tradisjonsstoff frå å bli glømt, og han har sleppt nye forteljargrupper til, ikkje minst kvinner og småkårsfolk.

Første prenta artikkelen hans stod i Håløygminne X (1957-61): Stadnamn frå Bø i Bjørnskinn, Andøya. I heimekommunen samla han i ung alder muntleg tradisjon, utgitt i fleire bøker: Huh-tetta (1964), Bjønntørk og reinkalvri (1974), I Trollbotn (1976) og Att i Ariblå (1977). På side 4 i Huh-tetta kan vi lese: «Til minne om ho gamle farmor og i takk til Tordis».

I 1978 tok han hovudfag i nordisk ved Universitetet i Trondheim, hovudoppgåva var Stadnamn knytte til sjø, fiske og fangst. Frå Andøy kommune i Nordland. (Gitt ut som to bøker 1981: I havsauga. Andøya i stadnamn og kysttradisjon (1981 og 1982).

Bygdelag og årbok

Finn Myrvang tok initiativet til å stifte Bø bygdelag i 1971. Formålet med laget er å gjere kjent lokal språktradisjon, nynorsk skriftspråk og lokal forteljetradisjon og historie. Det første prenta produktet laget gav ut var Målet i Bø (1973), ei revidert utgåve av Birger Martinussens viktige skrift frå 1907.

Om dette hefte skriv Ingeborg Hoff, dosent i målføregransking og styrar av Norsk Målførearkiv:

«I sin nye, moderniserte og utvida bunad er «Målet i Bø» eit folkeopplysningsskrift av høg rang, med gode og rette opplysningar om dialekten i Bø og samsvaret med normalspråket. Det kan med hell også nyttast i store område utanom denne kommunen, då det stort sett gjev ei skildring av målføret i heile Vesterålen og endå vidare.

Vi meiner dette verket vil vera ei god hjelperåd til å spreia kunnskap om opphavet til nordnorsk mål, om dei grammatiske reglar målet går etter og om samanhengen med anna norsk mål, og at det må vera serskilt nyttig i skule- og folkeopplysning, men og som folkelesnad i det heile.»

Hausten 1979 kom årboka Bøfjerding ut – rett nok som Bøfjerding -80! Finn Myrvang tok største delen av arbeidet i redaksjonen, og han skreiv sjølv mange viktige artiklar. Boka har vore så godt som årviss – til no er 34 årgangar gitt ut.

I forordet til første boka heiter det: «Bø bygdelag vil skape interesse og vørdnad for bygdeliv og bygdekultur. Så lyder innleiinga til vedtektene våre. Vi vil ta vare på bygdehistorisk stoff og forteljartradisjon, folkeleg kunst, tradisjonelt handverk og museumssaker. Vi vil og gjerne framelske sansen for folkemusikk, for stadnamna i bygda og for munnleg og skriftleg bruk av vårt heimlege bømål. Vi ønskjer òg å ta del i arbeidet for naturvern, for sunn og sakleg turistreklame, og for desentralisering i styre og stell overalt der dette kan styrke bygdesamfunnet. «Bøfjerding» er ein del av dette arbeidet.»

Boka har hatt ringverknader på mange område: Bygdehistorie, forteljarkveldar og kunst- og brukskunstutstillingar på museet, i Radio Bø, innafor reiselivet – ikkje minst med Reginedagan som døropnar.

Finn har også vore styremedlem i Stiftelsen Regine Normann sidan oppstart i 2002. Her har han lagt ned eit stort arbeid med å tilrettelegge språk og tekst i nye utgåver av hennar bøker: Regine Normanns sagn (2012) og samleutgåva av dei historiske romanane Den gang- og Eiler Hundevart (2014). Modernisering av språkforma har som mål at bøkene skal vere lett tilgjengelege for vår tids lesarar.

Stadnamngransking

Finn Myrvang fekk tidleg interesse for stadnamn. Frå 1989 til 2004 leia han Stadnamnprosjektet i Nordland, i regi av Nordland fylkeskommune. Han har samla inn rundt 180.000 stadnamn frå heile Nordland, med kartfesting, kommentarar og fortolkingar. Samlinga finn ein i Stadnamnprosjektet i Nordland, som nå er publisert på internett.

Finn har også vore konsulent for Statens kartverk. Her fekk han ein viktig rådgivarrolle. Mange skrivemåtar av stadnamn på kart og i offentlege register er retta under hans hand. I tillegg har han i ein rekke samanhengar generøst bidratt som konsulent og rådgivar ved fleire kulturhistoriske publikasjonar knytta til Vesterålen.

Etter at han gjekk av med pensjon i 2004 heldt han fram som namnekonsulent for Nordland fylke. I den perioden har han sendt inn fleire tusen dialektord til Norsk Ordbok.

Samiske minne

I løpet av 1980-åra vart studiet av det samiske innslaget i vår historie og samtid løfta fram i lyset – her var Finn Myrvang ein av pådrivarane. Han var pioner i arbeidet med å tolke den lokale namnetradisjonen ut frå det samiske språkgrunnlaget. Her har han skapt eit nytt heilskapssyn i tolkninga av nordnorske namn og dokumentert det sterke samiske innslaget i dette materialet. Dette arbeidet har utan tvil vore banebrytande innan norsk stadnamngransking.

Publisist og debattant

Finn Myrvang har skrivi eit stort antall artiklar både om folkeminne og stadnamn. Tidsskriftet Håløygminne har trykt langt over 100 av hans artiklar. I tillegg kjem ei rekke innslag i tidsskrift som Hofdasegl, Mål og minne, Mål og nemne – og i fleire bøker.

I alle år har Finn Myrvang hatt sterke meinigar om rett og rangt i språkspørsmål, kulturliv, lokalhistorie og politikk. Her har han markert seg som ein skarp og uredd debattant i lokalpressa og i andre media. Han legg alltid vekt på kva som er historisk korrekt og fagleg velgrunna – men Finn er også kjend for å nytte humor, skarp ironi og bitande sarkasme i sine innlegg.

Sluttord

Gjennom ein menneskealder har Finn Myrvang med stor faglig integritet og innsikt formidla viktig kunnskap om språk, tradisjon og busetting i Vesterålen og Nordland. På ein sjenerøs måte har han delt kunnskapen sin med andre og formidla kunnskap om historie og kulturtradisjonar på ein inspirerande måte.

Med arbeidet sitt har han vore med på å styrke nordnorsk identitet og eigenverdi, og han har gitt mange og verdfulle innspel til debatten om nordnorsk sjølvforståing.

Særlig stor verdi har granskingsarbeidet hans hatt for å forstå det samiske Vesterålen og Nordland. Det har vore med på å auke medvitet om samiske røter i delar av folket.

Finn har motteke fleire prisar opp gjennom åra, og i 2015 fekk han Kongens fortjenstmedalje for det eineståande arbeidet sitt.

Vi i Bø bygdelag som har hatt glede av å samarbeide med Finn gjennom mange år, sender varme helsingar til han og familien på den store dagen!

Bø bygdelag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på blv.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.