annonse

Optimisme for dialektar og nynorsk i nord

: Det var godt frammøte på årsmøtet i Troms og Finnmark mållag som nyleg blei halde i Tromsø. (Foto: Innsendt)

Med seks aktive mållag og over 250 medlemmar i dei to nordlegaste fylka, har Troms og Finnmark mållag nådd det høgaste medlemstalet på mange år.

– Vi ser optimistisk på framtida for dialektar og nynorsk i nord, seier Magne Leon Heide, gjenvalt leiar i fylkeslaget.

Troms og Finnmark mållag har særleg arbeidd for å vise at nynorsk har hatt og har ein viktig plass i det nordnorske språkbildet.

– Vi har dokumentert rundt 50-60 forfattarar som har brukt ein nordnorsk nynorsk i bøkene sine, seier Heide, – og vi ønsker å løfte desse bøkene fram i lyset. Vi har også arbeidd for at dei nordnorske universiteta skal vere meir aktive i arbeidet for å styrke nynorsken i utdanninga og forskinga si.

Heide understrekar at framover vil Troms og Finnmark mållag arbeide for at opplæringa i nynorsk skal bli endå betre i landsdelen.

– Det finst fleire positive pedagogiske tiltak både i nord og elles i landet som viser at tidleg og grundig opplæring i nynorsk språk og litteratur verkar positivt for heile språkopplæringa. Vi ønsker å vise at nynorsk er eit naturleg nordnorsk skriftspråk.

Gjenvalt

– Det var godt frammøte på årsmøtet som blei halde nyleg. Medlemmane er engasjerte, og det vekker også glød at Noregs Mållag no har starta arbeidet med å stake ut ein ny kurs framover, seier Heide. Landsorganisasjonen skal meisle ut eit nytt prinsipprogram i løpet av året, og det skaper gode diskusjonar blant medlemmane i mållaget, også på fylkesårsmøtet.

Magne Leon Heide frå Kvæfjord blei gjenvalt til leiar i Troms og Finnmark mållag, og med seg i styret har han Olaug Husabø frå Tromsø og Rønnaug Ryssdal frå Varanger. Fylkeslaget har lokallag i Varanger, Tromsø, Balsfjord, Målselv og Harstad. (Pressemelding)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på blv.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse