annonse

– Søk sommarjobb som fiskar

Sjark
Sjark: Ungdommer som er nysgjerrige på yrket oppfordrast til å ta sommarjobb som fiskar. (Illustrasjonsfoto) (Foto: Idar Ovesen)

Er du mellom 12 og 25 år kan du nå søke sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Mareno Leonhardsen

– Det er kø framfor utdanningsinstitusjonane for å kome inn i sjømatnæringa. Vi er heilt avhengige av at dyktig ungdom også søkjer seg til fiskaryrket om Norge skal bli den framtidsnæringa som vi ønskjer. Difor oppfordrar eg alle ungdommar som er nysgjerrige på yrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien.

Alle som fiskar etter sommarjobb kan nå registrere seg hos Fiskeridirektoratet.

Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. I underkant av 200 ungdomar deltok på ungdomsfiske i fjor. Dei fiska til saman meir enn 115 tonn til ein fangstverdi på meir enn 5 millionar kroner. Flest deltok frå Finnmark og Hordaland.

Ordninga

Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 17. juni og til og med 9. august 2019, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre, juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.

Avgrensinga i reiskap gjeld per fartøy. Ved ungdomsfiske der fleire ungdommar fiskar med same fartøy – kan Fiskeridirektoratets regionkontor gje unntak frå reiskapsavgrensinga per fartøy, men ikkje per person.

For fiske etter rognkjeks i denne ordninga gjeld det ei avgrensing på 600 kilo utilverka rognkjeksrogn per person og per fartøy.

Fiskebåtene

Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i ordninga med ungdomsfiske, men merkeregistrerte fartøy kan ikkje nyttast til ordinær drift eller ha reiskap i sjøen i tillegg i perioden fartøyet blir nytta i ungdomsfisket.

Ungdomane kan ha med seg ein vaksen dersom det av tryggleiks- eller opplæringsårsaker er behov for det. Ungdom under 12 år kan av tryggleiksgrunnar ikkje delta i ordninga.

Knapt 18 prosent av dei som har fiske som hovudyrke er under 30 år. Av totalt 11.225 registrerte fiskarar i Noreg i fjor var det 1991 fiskarar under 30 år som hadde fiske som hovudyrke eller som attåtyrke. Talet for dei over 67 år var 1827.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på blv.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse