annonse

Universitetet i Tromsø 50 år

: Feirer 50 år med universitet i Tromsø og Nord-Norge. (Foto: David Jensen)

I år fyller UiT Norges arktiske universitet 50 år, og det ble fredag feira med kick-off på alle UiT sine studiestadar.

  • Pressemelding

Arrangementet markerte opninga av jubileumsåret, og statsminister Erna Solberg var blant gjestane. Jubileumsopninga vart mellom anna feira med forrykande fyrverkeri.

I år er det 50 år sidan Stortinget fatta det modige vedtaket om å opprette eit universitet i nord – eit vedtak som har betydd svært mykje for utviklinga i landsdelen. Det var også noko av det rektor Anne Husebekk la vekt på under sin tale på kick-off’en.

– Merk dykk talet 58.000. Det er det estimerte talet på studentar som har vorte uteksaminert frå UiT gjennom historia. Og dei fleste har vorte igjen i Nord-Norge etter studiane, og bidrege til verdiskaping i landsdelen. UiT vil spele ei enda viktigare rolle for utviklinga i Arktis dei neste 50 åra enn dei 50 føregåande, sa ho.

– Ufatteleg viktig

Tromsøordfører Kristin Røymo (Ap) sitt hovudbodskap var at det å ha eit universitet er ei gåve for ein by og eit samfunn.

– UiT har vore og er ufatteleg viktig for heile regionen. Etableringa av universitetet markerer eit stort skilje, før universitetet kom var Tromsø eigentleg berre ein småby. Universitetet har ført til at byen i dag er hovudstaten i Arktis og verkeleg ein verdsby, sa Røymo frå scenen.

Ho peika på at Tromsø i dag har rundt 12.000 studentar frå 80- 90 ulike land.

– UiT kjem til å bli veldig viktig for å løyse dei store utfordringane i framtida. Gratulerer så mykje!

– Etableringa av et universitet i Nord-Norge vart i si tid omtala som eit eksperiment. Ein kan vel i ettertid i så fall seie at det var eit vellykka eit, sa dekan Bjørn Solvang ved IVT-fakultetet i si helsing i Narvik.

Narvik-ordfører Rune Edvardsen gratulerte med dagen og slo fast at universitetet har eit nordnorsk samfunnsoppdrag.

– Eg er stolt av UiT og UiT i Narvik. Fusjonen gjer at miljøa i Tromsø kan spele på sterke fagmiljø i Narvik. Eg opplever at UiT i Narvik ikkje «berre» er ein hjørnesteinsbedrift i byen, men stadig oftare vert omtala som navet i samfunnsutviklinga i lokalsamfunnet, sa han.

Jubileet ble feira mange stadar i Nord-Noreg.

– I jubileumsåret skal det arrangerast rundt 300 arrangement i stort og smått. Mange av desse vil vere tilgjengelege for folk flest, og vi håper at vi med alle desse arrangementa vil gje publikum gode opplevingar, og litt meir innsikt, nye perspektiv og kunnskap. Vi gler oss! seier Nora Kiil, prosjektleiarar for jubileet. 



annonse

annonse

annonse