Å snakke same språk

Abid Q. Raja: kultur- og likestillingsminister Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

Av: Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja og Gunhild Berge Stang, statssekretær

Forslag til ny språklov er ein merkedag i norsk språkhistore. Formålet med lova er å sikre norsk språk som nasjonalt hovudspråk. Norsk språk er det fremste uttrykket for norsk kultur. Det er også det viktigaste kommunikasjonsmiddelet vårt. Styresmaktene pliktar å halde språket i hevd og gjere det tilgjengeleg i samfunnet, i notida og for framtida.

I krisesituasjonen som vi no er inne i, er det særleg viktig å ha eit rikt og funksjonelt, felles språk. Dette legg til rette for demokratisk kunnskapformidling og kritisk tenking. Fagfolk som til vanleg kommuniserer med utanlandske kollegaer på engelsk om korona-viruset, skal like ofte formidle presis informasjon til oss alle, og vi skal kunne skjønne ut frå korleis dei snakkar om vi kan ha tillit til kompetansen deira eller ikkje. I denne krisetida blir det endå tydelegare for meg det ansvaret vi som styresmakter og samfunn har for å sikre norsk språk.

Det er eit stort kulturelt mangfald i Noreg. Noko av det som bind oss saman på tvers av dei språklege delkulturane mange av oss også høyrer til, er det norske språket. Norsk er det språket alle må meistre. Eit velfungernade norsk språk er derfor ein føresetnad for brei deltaking på fellesarenaer og i demokratiet.

Kulturuttrykk i alle andre språksamfunn enn det globaliserte angloamerikanske er i dag meir eller mindre grad pressa. Også her i landet skjer det ein glidande overgang til engelsk i fleire sektorar. Dette utgjer ein trussel mot eit velfungerande norsk språk. Regjeringa vil føre ein offensiv språkpolitikk for å utvikle og tryggje norsk språk som kulturberar, samfunnsinfrastruktur og som uttrykk for identitet. Derfor vil regjeringa styrke norsk språk gjennom ei eiga språklov som eg no legg fram for Stortinget. Ei språklov vil gjere det lettare å arbeide systematisk for å oppnå viktige språkpolitiske mål.

I dag står det ikkje svart på kvitt, korkje i Grunnlova eller i andre lover, at norsk språk er offisielt språk, nasjonalspråk eller liknande. Det har vore sjølvsagt at norsk er det vi brukar i alle "norske" samanhengar. Men dette er ikkje sjølvsagt lenger. Derfor er det nødvendig å slå fast i lovs form at norsk er det nasjonale hovudspråket vårt.

Den nye språklova slår fast at norsk språk skal styrkast, slik at det blir sikra som samfunnsberande språk. Alle offentlege organ får ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk i sin sektor. I nokre tilfelle betyr dette at norsk språk bør auke i bruk. For å styrke norsk språk, er det heilt nødvendig å sikre også nynorsk. Ein del av føremålet med språklova er at offentlege organ tek eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, slik at vi alle har den tilgangen til nynorsk som gjer at språket blir sikra som bruksspråk og kulturarv. Det er ein del av eit liberalt demorati å ta slike mindretalsomsyn. I tillegg er det slik at nynorsk er fellles kulturarv for alle, ikkje berre for dei som brukar nynorsk til dagleg.

Språklova inneheld nye reglar for fylkeskommunane. Dersom lova blir vedteken, er det ikkje lenger berre staten som skal svare på nynorsk og bokmål til folk som skriv til dei. Dette skal også fylkeskommunane gjere. Den breie skrivekompetansen i norsk, som vi har med oss frå grunnopplæringa, blir viktigare. Dei språklege rettane til både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar blir styrkte.

Lova seier at det offentlege skal følgje norsk rettskriving, ha norske organisasjonsnamn som er korrekt skrivne, og at tekstar frå det offentlege skal vere i klart og forståeleg språk. Ja, kravet til offentleg tilsette er også at dei forstår svensk og dansk, slik at dei som brukar desse språka kan skrive til styresmaktene utan å byte språk. Det er med på å sikre stillinga til norsk språk at svensk og dansk kan brukast i Noreg og blir sikra som nasjonalspråk i sine respektive land, fordi det er med på å hindre overgang til engelsk i nordiske samanhengar.

Vidare slår lova fast at samiske språk er likeverdige med norsk, slik samelova allereie gjer. Når det offentlege brukar samiske språk, skal det vere korrekt og i tråd med klarspråksideal. Dette er med på å sikre respekten for og kunnskapen om samiske språk, som jo også er eit offisielt forvaltningsspråk. Offentlege organ skal òg fremje og verne kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk For kvensk betyr dette at det er lettare å få til ein systematisert innsats for gjenopplive språket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I lovforslaget får norsk teiknspråk formalisert status som nasjonalt teiknspråk. Det blir det anerkjent som eit teiknspråk av nasjonalt opphav. Dette er historisk, ettersom norsk teiknspråk lenge ikkje har vore sett på som eit ekte språk. Språklova skal sikre at offentlege organ fremjar norsk teiknspråk ut over det som lovverket krev. Eit minimum er at offentlege organ ikkje set opp barrierar mot bruk av det. Både som kulturminister og likestillingsminister har eg lyst til å understreke behovet for ein systematisk språkpolitikk for norsk teiknspråk. Regjeringa vil derfor ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ei offentleg utgreiing (NOU). Utgreiinga skal kome i samarbeid med interessegruppene sjølve og med vekt på den menneskeretten det er for alle å utvikle språkleg identitet.

For å sikre norsk språk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk er opplæringssektoren og IKT-politikken heilt avgjerande. For at norsk og samiske språk skal takast i bruk i norsk språkteknologi, må IKT-politikken bli endå meir kopla til språkpolitske mål og omvendt. Ein digital offentleg sektor må fungere både på norsk og samisk. Språkrådet vil få lovfesta oppgåver og rettleie det offentlege om korleis dei ulike språka kan fremjast, og korleis regelverket er å forstå.

Norsk språk si sterke stilling er ikkje sjølvsagt, korkje i dag eller framover. Med forslaget om ny språklov ønskjer regjeringa å få til strukturelle tiltak for å verne og fremje språka Noreg har ansvar for. Ein offensiv språkpolitikk skal vere grunnmuren for å utvikle og tryggje norsk språk som kulturberar, samfunnsinfrastruktur og som uttrykk for identitet.