Lærere: Distriktsskolen treng utdanna lærarar. (Illustrasjonsfoto)

Gjenreis den regionale høgskulen på Nesna

Av: Dag Audun Eliassen, leiar i LUFS - Landslaget for nærmiljøskulen

Campus Nesna og tidlegare Høgskolen i Nesna, er ein tradisjonsrik og viktig samfunnsaktør. Etablering av lærarutdanninga på Nesna i 1918 har vore avgjerande for å rekruttere utdanna personale til distriktskommunar i landet generelt og til Nordland og Helgeland spesielt.

Landslaget for nærmiljøskulen vil gå sterkt imot at Campus Nesna blir lagd ned.

– Det er stor mangel på utdanna lærarar over heile landet.

– Den regionale høgskulen på Nesna må gjenreisast. Det er ei statleg oppgåve å sjå til at det blir utdanna lærarar, førskulelærarar, sjukepleiarar og andre profesjonar til alle kommunane i landet.

– Statsbygg har eit samfunnsansvar for å sørgje for at bygningsmassen blir brukt til det formålet som han er bygd for, høgare utdanning på Nesna og Helgeland.

– Den topp moderne og funksjonelle bygningsmassen på Nesna må brukast til det han er bygd for.

Folketalet i distrikta går ned. Nedbygging av offentleg sektor og nedlegging av studiestader innanfor høgare utdanning forsterkar denne tendensen. Rekruttering av lærarar, barnehagelærarar, helsepersonell og andre profesjonar innanfor tenestetilbodet i kommunane er avgjerande for å sikre velferdstilboda og dermed bidra til busetjing over heile landet.

Strukturen på høgare utdanning er avgjerande for å rekruttere ungdom til distrikta. Nasjonalt søkjer over seksti prosent av studentane seg til jobbar i det området der dei har teke utdanninga si.

På Helgeland er over sytti prosent av lærarane utdanna frå Høgskolen i Nesna/Campus Nesna. For barnehagelærarane er prosenten om lag nitti. Over nitti prosent av dei som tok utdanninga si ved sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, har no jobb i kommunane på Helgeland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Strukturreforma av høgare utdanning argumenterte med at dei mindre institusjonane skulle bli meir ”robust” gjennom fusjon til større einingar. Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen vart gjennom fusjonsavtalen og løfte frå regjeringa lova vidareføring, vekst og utvikling.

Men nedbygginga ved sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen starta straks etter fusjonen i 2016. Nedbygginga ved Campus Nesna starta òg like etter fusjonen, og i juni 2019 vart Campus Nesna formelt lagd ned av styret ved Nord universitet. IT-utdanninga som Høgskolen i Nesna etablerte på Mo, er lagd ned. Talet på studentar på Helgeland er redusert frå om lag 2000 før fusjonen, til under 1000 i dag.

Arbeidsdelinga mellom universiteta og dei regionale høgskulane har tidlegare vore slik at universiteta har hatt hovudansvar for grunnforsking, forskarutdanningane og dei lengre utdanningane slik som medisin, juss, tannlege, veterinær, osb. Dei regionale høgskulane har hatt hovudansvar for profesjonsutdanningane. Særleg i distrikta har dei regionale høgskulane/distriktshøgskulane vore heilt avgjerande for rekruttering av faglært arbeidskraft til velferdstilbodet i kommunane.

Bygningsmassen ved Campus Nesna er spesielt tilrettelagd for høgare utdanning, og særleg lærar- og barnehagelærarutdanning med spesialrom for naturfag, kroppsøving, kunst- og handverk, drama, musikk osb, og med ein kapasitet på opptil 2000 studentar.

Det vil vere ei stor sløsing med samfunnet sine midlar dersom denne bygningsmassen skal bli brukt til aktivitetar som ikkje kan gjere seg nytte av desse kvalitetane.