Fiskebåt Nord: styreleder Marius Ytterstad (H) Foto: Svein Rist

Hardt ut mot havbasert vindkraft

Styreleder Marius Ytterstad gjekk hardt ut mot vindkraft i åpningstalen sin, under Fiskebåt Nords årsmøte forleden.

– Havbasert vindkraft er ei av dei store utfordringane framover, sa Ytterstad.

I talen viste han til at fiskerinæringa heilt frå starten har vore pragmatisk til at andre næringar også skal kunne bruke havareala, men sa at næringa har betinget at dette ikkje kan skje før ein har meir kunnskap om kva følgene er for fiske- og dyreliv.

– Det er frustrerande at det ikkje blei gjort nokon tilstrekkeleg analyse av forholda ved dei to vindkraftverkprosjekta Hywind Tampen og Havsul I. Dette kan ikkje kallast sameksistens, men er ei direkte overkøyring, sa Ytterstad.

Ytterstad poengterte også at ei berekraftig næring er ein føresetnad for å kunne selge fisken til stadig meir kritiske forbrukarar. Difor må næringa også vente seg at det blir ytterlegare krav til dokumentasjon og sporing av produkta.

Magnus Ytterstad innledet også om rammevilkåra for næringa, grunnlaget for eksistens og vidare utvikling, som også var viktig tema i det digitale årsmøtet, framgår av ei pressemelding.