Sofie Johnsen: Sofie Johnsen Foto: Kristine Strøm, presse og informasjon, Sjøforsvaret

Sofie (18) er motormann-lærling på fregatt

SORTLAND: Sofie Kristin Johnsen (18) tenestegjer på fregatten KNM Otto Sverdrup. Ho nyt tida si på bølgjene, og er no inne i det andre året som lærling.

– I løpet av desse åra som lærling slår eg tre fluger i ein smekk, smiler Sofie Kristin Johnsen frå Holmstad.

Sofie Kristin Johnsen har tidlegare gått første året på vidaregåande opplæring på teknikk og industriell produksjon (TIP), og andre året på maritim linje. No gjennomfører ho både lærlingtida og førstegongstenesta si på fregatt.

– Dersom vi ikkje hadde hatt maskinfolk, då trur eg dessverre ikkje båten hadde gått framover, fortel motormannslærlingen med eit lurt smil.

Grunnen til at Sofie ynskja å prøve Forsvaret var at ho har ein onkel i Kystvakta, og ynskja å gå same veg som han.

– I tillegg har Forsvaret gode tilbod for lærlingar, fortel Sofie.

Kvardagen

– Vi driv med vedlikehald og reparerer maskineriet dersom det skulle hende noko, fortel Sofie.

Sofie understrekar at om bord på ein fregatt er det mykje som skal haldast ved like, og det er difor viktig med god opplæring.

Sofie Johnsen: Sofie Johnsen Foto: Kristine Strøm, presse og informasjon, Sjøforsvaret

– Ei av mine hovudoppgåver er opplæring av dei vernepliktige. Det er kjekt med ekstra ansvar og utfordringar, fortel Sofie.

I tillegg til å drive med vedlikehald og opplæring har Sofie ei sekundærstilling som BDR (Battle Damage Repair) i eit av maskinromma.

– Under øvingar er eg i eit av hovudmaskinromma og er klar til å stemple, altså tette igjen hól eller skadar på båten dersom det skulle hende noko. Då må vi ofte bruke kreativiteten, i tillegg til utstyret vi har tilgjengeleg, fortel Sofie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Variert teneste

– I løpet av tenestetida mi har eg vore med på mykje forskjellig, fortel Sofie.

Om bord på ein fregatt er dei kring 130 besetningsmedlemmar, der alle har sine spesialfelt.

– Mannskapet om bord er utruleg imøtekommande og hyggelege. Eg lærer noko nytt kvar dag, seier Sofie.

– Det beste med stillinga er at eg får gjere det eg likar. Her er veldig greie folk og eg er i tillegg veldig glad i å vere på havet, tre fluger i ein smekk, smiler Sofie.

Lange avstandar og periodar

– I 2018 jobba eg på julaftan og eg sakna sjølvsagt dei kjære heime. Vi diska likevel opp med ribbe og snop, hadde eit lite juletre og eg var i godt selskap. Det gjekk veldig fint, fortel Sofie.

Sofie Johnsen: Sofie Johnsen Foto: Kristine Strøm, presse og informasjon, Sjøforsvaret

Sofie fekk si eiga julaftan heime tredje juledag, og seier at det var ekstra stas å kome heim.

– Når vi er på lang seilas saknar eg vener og familie, men til vanleg har vi mykje å gjere om dagane, og då går tida fort, seier Sofie.

Ho trivst godt i Forsvaret og likar livet om bord på KNM Otto Sverdrup. Vidare ynskjer ho å gå fagskule i Bodø.

– Dersom eg skal fortsette i Forsvaret ynskjer eg å følge fotspora til onkelen min og bli maskinoffiser i Kystvakta. Då får eg turnus, noko som er ein stor fordel, fortel Sofie.